— Bilane våre blir øydelagde
Bebuarar langs Strondavegen, gamlevegen mellom Etne og Skånevik, er lei av å måtte sende bilane sine på stadige reparasjonar som følgje av stor slitasje.
Dei skuldar på vegen for dei mange verkstad-besøka på vegen som dei er avhengige av å bruke kvar dag.
— Sjå her, det er nesten 20 centimeter frå hjulsporet og opp til øvste punktet midt på vegen, seier ein oppgitt Jan Molnes.