Betre teknologi-tryggleik på omsorgssenter
Vindafjordtunet i Vats har fått nytt pasientvarslingssystem. Ølen omsorgssenter har allereie hatt systemet i bruk i cirka eitt år og har gode erfaringar med det.
— Det handlar om tryggleik for bebuarane, og om å gi dei tilsette ein betre arbeidskvardag. Når ein har betre oversikt og systematikk, kan ein sjå den einskilde sitt behov og bruka ressursane rett, seier rådgjevar Ruth Økland for helse og omsorg i Vindafjord kommune til kommunen si nettside.
Fekk opplæring
Dei siste månadene har Vindafjordtunet hatt besøk av Helgevold Elektro og Atea, som har arbeidd med å installera det nye og moderne pasientvarslingssystemet. Nyleg inviterte Atea til superbrukaropplæring, der dei tilsette fekk ei grundig innføring i korleis systemet fungerer, og kva det kan bety for både bebuarar og personale.
Rådgjevar Lisa Wickberg-Risan innan velferdsteknologi i Atea stod for opplæringa. Vindafjord kommune skriv at ho, med helsefagleg bakgrunn og stort engasjement for teknologi i omsorgstenesta, formidla kor viktig det er at dei som jobbar med slike system også forstår kvardagen i helsevesenet.
— Helsevesenet har lenge vore bakpå når det gjeld å ta i bruk ny teknologi, men no skjer det mykje bra på den fronten. Ein treng ikkje vera ekspert for å ta i bruk teknologien. Systema er intuitive, sikre og kan lærast av alle, sa Wickberg-Risan.
Fridom og tryggleik
Pasientvarslingssystemet er utvikla med tanke på tryggleik og individuell tilpassing. Bebuarane kan røra seg friare og kjenna seg trygge på at dei får hjelp når dei treng det – utan å vera avhengige av ei ringesnor.
Systemet kan varsla ved fall, vandring ut av avdeling eller andre kritiske situasjonar, og dei tilsette får varsling direkte på mobiltelefonen via Sensio-appen. Det inkluderer også digitale tilsyn og tryggleikssensorar som RoomMate, som kan oppdaga fall og andre hendingar, og senda varsel til personalet.
For dei som har behov, kan ein også ta i bruk pasientsmykke med posisjonering og varsling.
Vindafjord kommune skriv at opplæringa denne veka var ein viktig milepåle før systemet blir teke i bruk i slutten av oktober. Kommunen avsluttar med at Vindafjordtunet no går inn i ei ny tid, der teknologi og omsorg går hand i hand for å skapa ein trygg og god kvardag for både bebuarar og tilsette.