Dagleg leiar Lars Norekvål i Ølen Betong. ARKIVFOTO
Betongavtale med Telenor
Ølen Betong signerte 20. august ein landsdekkande rammeavtale med Telenor for levering av betongvarer. Samarbeidet dekker leveransar innan ulike dimensjoner av trekkekummar.
Betongverksemda i Ølensvåg er ein nasjonal aktør som har lang erfaring med levering av betongvarer til ulike prosjekter i heile Noreg. Summen av erfaring, kompetanse og leveringsdyktigheit gjer at bedrifta er godt rusta for å gjennomføra avtalen i samarbeid med Telenor, heiter det i ei pressemelding frå Ølen Betong.
Dagleg leiar Lars Norekvål og salsleiar Knut Magne Østenstad i Ølen Betong er svært nøgde med avtalen som nyleg har kome i stand. Dei ser frem til eit godt samarbeid med Telenor og deira samarbeidspartnarar.