Bernhoft og Pakkers til Vikedal
Artisten Jarle Bernhoft er klar for Vikedal-rootsen. Og same festival byr på ein annan gratiskonsert på Lysenuten.
Den store musikkfestivalen i Vikedal melder at artisten Jarle Bernhoft blir det store trekkplasterer laurdag 22. juli. Då tek artisten og The Voice»-profilen frå TV2 plass på scena saman med bandet sitt.
Fengande
Dei fleste musikarar mislikar å bli plassert i bås, men det er vanskeleg å ikkje hevda at Jarle Bernhoft er å finna ein stad mellom r&b og soul. Unorskt og fengande er det i alle fall.