Skånevik.
Arkivfoto: Svein-Erik Larsen
Bergensar skuffa over Skånevik
Mange frå fjern og nær ser Skånevik som ei vakker sommarbygd med kjekke aktivitetar, men ikkje alle er einige. Ein båteigar frå Fana i Bergen blei så skuffa over det som trefte han i bygda at han sende brev til ordføraren.
Sist onsdag høyrde bergensaren eit radioprogram på NRK om kor gildt det er i Skånevik i sommar. Han var einig i mykje, så lenge det gjeld hovudgata. Resten av bygda, var båtturisten langt meir kritisk til.
Missfornøgd med båthamna
To veker tidlegare kom bergensaren sjøvegen til Skånevik saman med ein annan vaksen. Dette beskriv han som ei trist oppleving.