Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Ordførar Ole Johan Vierdal (f.v.) delte ut Miljøfyrtårn-diplom til dagleg leiar Martin Frøyland i Frøyland Vindu AS. Pressefoto: Frøyland Vindu AS
Ordførar Ole Johan Vierdal (f.v.) delte ut Miljøfyrtårn-diplom til dagleg leiar Martin Frøyland i Frøyland Vindu AS.

Berekraft-anerkjenning til Skjold-bedrift

Publisert Sist oppdatert

— Me har jobba med å innføre system og haldningar sidan tidleg i vår, seier dagleg leiar Martin Frøyland i Frøyland Vindu AS i ei pressemelding.

Stiftelsen Miljøfyrtårn skriv i si grunngiving at verksemda kan dokumentere at strenge krav innan tema som arbeidsmiljø, innkjøp, energi, transport, avfall utslepp og estetikk er tilfredsstilte. Miljøfyrtårn-diploma blei utdelt av ordførar Ole Johan Vierdal og feira med kake på fabrikken i Skjold.

Selskapet skriv i pressemeldinga at dei har valt å tilpasse seg Miljøfyrtårn sine retningslinjer og styringssystem for å ta eit samfunnsansvar. Dei meiner dette beviser kva deira produksjon med tilsette og system kan bidra til i form av betre arbeidsmiljø, bevisstgjering og sortering for å redusere avfall, samt å stille krav til deira leverandørar i verdikjeda sin.

Powered by Labrador CMS