Dårleg kontakt på Fikse: Guri Ravatn (SV) meiner det er på høg tid at det blir mobildekning langs E134. Foto: Irene Mæland Haraldsen
Guri Ravatn (SV) meiner det er på høg tid at det blir mobildekning langs E134. Her frå i 2022.

Ber om fortgang for mobildekning

Å få full mobildekning langs heile E134 gjennom Vindafjord kommune har lenge stått på ønskjelista til Guri Ravatn (SV). Nå ber ho ordføraren ta tak.

Publisert Sist oppdatert

Manglande og ustabil mobildekning langs E134,og særs ved kommunegrensa på Fikse er ei utfordring for folk som ferdast og bur i området. Saka har vore belyst i kommunestyret i Vindafjord kommune fleire gonger, og nå meiner Guri Ravatn at det er på høg tid at ein får fortgang i utbetring av mobildekninga langs den sterkt trafikkerte europavegen.

— Det skjer så lite. Kvar gjer kommunen for å få fortgang. Vindafjord SV har over fleire år tatt opp spørsmål om sikker mobildekning langs E134. For eitt år sidan, i samband med handsaming av plan for sikkerheit og beredskap, føreslo SV at mobildekning skulle inn på handlingsplanen. Dette vedtok kommunestyret, men ingenting har skjedd, seier kommunestyrerepresentant Guri Ravatn.

Ho peikar mellom anna på manglande og ustabil mobildekning over Fikse for å sikra tryggleiken både til dei ferdast langs vegen, oppheld i området og til dei som bur der.

— Av sikkerheits- og beredskapsmessige årsaker er det viktig at det er mobildekning, seier ho.

Kva gjer kommunen for å få fortgang

Guri Ravatn, SV

Samarbeid

For å få manglande mobildekning på plass så raskt som mogleg meiner Ravatn det kan vera lurt å få til eit samarbeid mellom kommune, Statens vegvesen og Telenor når den planlagde utbetringa av europavegen ein dag blir sett i verk.

— I samband med oppgradering av vegen bad eg ordføraren ta kontakt med Telenor og vegvesenet. Dei kunne sjå kva dei kunne få til i lag. Eg utfordra ordføraren under kommunestyremøtet i mars, seier SV-politikaren som også under kommunestyremøtet i oktober 2021 tok opp saka.

Samferdselsministeren

Nyleg blei spørsmålet om mobiltelefoni tatt opp med samferdselsministeren gjennom eit spørsmål frå medlem av Transport-og kommunikasjonskomiteen, Mona Fagerås (SV). Her stilte Fagernes spørsmål om prosessen vedrørande mobildekning her til lands.

— Kor langt er arbeidet med mobildekning langs nye og eksisterande riksvegar kome, og er det mogeleg å få støtte til å leggja mobildekninga inn i den komande oppgraderinga av E134, gjennom eit samarbeid mellom teleoperatørar, Statens vegvesen og kommunen, skreiv Fagernes i spørsmålet til samferdselsministeren og viste til den planlagde oppgraderinga av E134 i Vindafjord og Etne.

Ho minna også om Hurdalserklæringa som seier at regjeringa skal satsa på ei kraftig forbetring av mobildekninga i heile landet og sikra dekning langs hovudferdselsårer både på land og sjø.

Samferdselsminister Jon-Ivar Nygård (Ap) viste i sitt svar til at det er dialog mellom Samferdselsdepartementet og Kommunal-og distriktsdepartementet for å vurdera korleis oppmodningsvedtaket kan følgjast opp, og at det er innleia dialog med Statens vegvesen. På spørsmål om det er moglege å få støtte til å leggja mobildekning inn i den komande oppgraderinga av E134 peika han på at Statens vegvesen legg til rette med kabelgrøfter i vegkropp og tunnel for at aktørar innan elektronisk kommunikasjon skal kunna levera tenester langs riksvegnettet. Dette gjeld både ved utbetring av eksisterande veg og ved etablering av ny veg.

Han skriv også at Statens vegvesen vil leggja til rette for dette i den komande oppgraderinga av E134 og at vegvesenet har vore i kontakt med Vindafjord kommune som ber Telenor kontrollera dekningstilhøva på strekninga.

Må venta i kø

Ordførar Ole Johan Vierdal kan ikkje lova at mangelfull mobildekning mellom anna på Fikse blir fiksa med det første. Fikse har fått fiber, men området har ikkje plass på dagens prosjektliste som omfattar prosjekt knytt til mobil. Det må eventuelt venta til dei andre prosjekta er i boks.

— Den ligg ikkje inne i forhold til andre prosjekt. Fikse må stå i kø, elles må andre prosjekt takast ut. Kommunestyret forstår problematikken, men det er prioritering, seier ordføraren og minner om at kommunen alltid har kontakt med vegvesenet og Telenor ved etablering av nye anlegg.

— Det er standard at når noko blir laga prøver me å få det i dei same grøftene, seier han.

Powered by Labrador CMS