Nokon har gått laus på dei nye banemarkørane og nettet på sandvolleyballbanen i Ølen Aktivitetspark.
Foto: Privat.
Ber foreldre følge betre med etter hærverk
— Foreldre med ungar må følgje med på kva barna gjer, seier leiar Magne Christiansen i Ølen Grendautval.
Nyleg kom det eit nytt nett og banemarkering på sandvolleyballbanen etter samarbeid mellom grendautvalet og Vindafjord kommune. Rundt lunsjtider tysdag oppdaga Christiansen at desse var blitt øydelagde.
Nå viser overvakingsbilete at hærverket blei gjort av barn like etter klokka 21 måndag kveld, og at foreldra til dei som stod bak var med i aktivitetsparken utan å følge med.