Eit fleirtal av bedriftsleiarar i Sør-Noreg vil ikkje ha fleire vindmølleparkar som denne på Smøla, dersom det går ut over verdifull natur.
Arkivfoto: Kjell Herskedal / SCANPIX / NPK
Energi
Bedrifter seier nei til naturkrevjande kraft
Eit fleirtal av norske bedriftsleiarar i Sør-Noreg vil ikkje ofre område med høgt naturinnhald for å legge til rette for nye kraft- og industriprosjekt, ifølgje ei spørjeundersøking frå NHO Rogaland.
Bedrifter på Sørvestlandet har fått slite særleg med høge straumprisar dei siste åra. Mange meiner at vegen ut av straumkrisa er å bygge ut meir kraft, men vind- og vasskraft hamnar ofte i konflikt med naturvern.
NHO Rogaland har spurt 1050 bedriftsleiarar i Sør-Noreg om det sett frå bedrifta deira er rett at ein tek område med høgt naturinnhald for å leggje til rette for nye kraft- og industriprosjekt.
Heile 56,1 prosent av dei svarer nei, berre 29,3 prosent svarer ja. Resten svarer veit ikkje. Over halvparten av bedriftsleiarane sett med andre ord høgt naturinnhald over nye kraft- og industriprosjekt, skriv Nationen.