Det var for tre–fire år sidan at barnehagen gjekk til innkjøp av ein båt som er spesiallaga for barnehagebruk.
— Ein sit lågare nede i båten, og han er ganske stabil. Han er litt tyngre å manøvrera enn andre båtar, men me er veldig glade for å ha han, seier Kristin Schibevaag, som er pedagogisk leiar på avdelinga Skilpadda».
Sidan dei fekk båten, har dei vore mykje på sjøen. Akkurat no er det hummarfiske dei held på med, men dei fortel at dei òg fiskar med stong, harpe og set garn.