Bar på ei vond historie
Laurdag blei historia om Vietnamjentene» vist på NRK i beste sendetid. Om tvillingane Magni og Astri Vølstad frå Bjoa som blei misbrukte, og om dåverande Ølen kommune og hjelpeapparatet som svikta totalt.
For ordførar Ole Johan Vierdal og resten av kommuneadministrasjonen i Vindafjord er den triste historia om Magni og Astri Vølstad ei sak som har vore ukjend for dei, fram til ho blei publisert av NRK i laurdagsrevyen.
— Dette er ei sak som ligg mange år tilbake i tid, og me har ikkje hatt kjennskap til denne. Før me kan gi ein djupare kommentar må saka hentast fram og lesast, seier Vierdal.
Han legg til at han er glad rutinane i dag er heilt annleis enn dei var før i tida, og han håpar og trur at hadde dette hendt i dag, hadde utfallet vore eit heilt anna.