Naudetatane jobba på ulykkesstaden i mange timar etter dødsulykka. på E134 i Stordalen onsdag i førre veke.FOTO: POLITIET
Frå ulykka i Stordalen.

Bakka-Mo: 28 ulykker på 21 år

Sidan år 2000 har Statens Vegvesen registrert heile 28 trafikkulykker på E134-strekkja frå Mo til Bakka i Stordalen.

Publisert Sist oppdatert

Det er Statens Vegvesen som registrerer alle ulykker lang vegnettet i Noreg. Det digitale kartet viser at det er registrert 27 mindre og større trafikkulykker på dei om lag fem smale og svingete kilometrane mellom Bakka i Stordalen og Mo like aust for Etne sentrum sidan år 2000.

Onsdag sist kom nummer 28, då eit vogntog velta ved Vikatræbekken mellom ved Stordalsvatnet. Ulykka enda fatalt for ein 28 år gammal mann frå Tysvær. Han var sjåføren av eit vogntog som køyrde av vegen og velta ved Vikatræbekken, om lag 500 meter vest for Norheim ved Stordalsvatnet.

Årsaka til ulykka er ikkje kjend. Det skal ifølgje politiet ikkje ha vore andre køyretøy involvert i hendinga.

— Livsfarleg veg

Uavhengig av årsaka til den siste ulykka meiner Etne-ordfører Mette-Heidi Bergsvåg Ekrheim at det må gjerast noko snarast med vegnettet gjennom Grannar-distriktet.

Og ho synest det er tragisk at ikkje den lenge planlagde ny E134-parsellen mellom Bakka i Stordalen og Solheim i Skjold er på plass for lenge sidan.

53 skuleelevar og åtte vaksne var i bussen i tillegg til sjåføren som fekk æra for at ingen kom til skade i hendinga då han måtte svinge unna ein semitrailer for å unngå kollisjon.

På dei fem kilometrane aust for Etne er det har fleire parti utan gul stripe, mange stygge svingar og på Håfoss bru kan ikkje ein personbil og ein varebil passere kvarandre.

Så seint som 12. juli i år skjedde det ei liknande ulykke som den onsdag, like vest for åstaden. Den gongen gjekk det bra med sjåføren av ein semitrailer som velta etter at vegskuldra gav etter.

Hausten 2018 skjede det nesten ei møteulykke mellom ein turbuss full av skuleelevar og ein semitrailer ved Grønstad. Sjåføren måtte svinge ned i grøfta, heldigvis kom ingen til skade, men det var ei dramatisk oppleving for alle i bussen.

Ordførar Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim (Sp) meiner det ikkje er tvil om at Bakka-Mo må kome først når Statens Vegvesen skal ta fatt på ny E134 mellom Bakka i Etne og Solheim i Vindafjord. Frå Mo (bilete) og vidare austover til Bakka har det vore 28 ulykker sidan år 2000. Arkivoto: Irene Mæland Haraldsen

— Vi som bur her har alltid visst at Europavegen vår er livsfarleg. Det fekk me dessverre nok eit døme på onsdag, konstaterer Ekrheim.

Inn i NTP

Bakka-Solheim kom som kjent inn i Nasjonal transportplan ved siste revidering med 500 millionar i første plandel. Ny veg på heile strekkja vil truleg kosta over fire milliardar. Men når det blir oppstart, og kva parsell som bør kome først, er eit ope spørsmål. 2026 er signalisert, men ordføraren ønskjer tidlegare byggestart.

— Det er jo ikkje noko fire felts motorveg me masar om, men ein dugande veg på eit hovudvegsamband mellom Austlandet og Vestlandet, minnar Etne-ordføraren om.

Vogntog velta på den smale vegen i Stordalen. Sjåføren slap unna med skrekken.

Ho trekkjer spesielt fram den store andelen av tunge køyretøy på E134 gjennom Etne.

— Den er på rundt 20 prosent. Vegen er med andre ord arbeidsplassen til folk. Hytteturistar og andre som tilfeldigvis køyrer gjennom kommunen er ein ting. Men dei som har denne vegen som sin daglege arbeidsplass har ei frykteleg påkjenning grunna den elendige vegstandarden, seier Ekrheim.

— Framfor rassikring

Etne-ordføraren oppmodar no alle parti til å vere på ballen for å påverke slik at det farlegaste vegstykket på heile E134 mellom Austlandet og Karmøy blir prioritert så tidleg som mogeleg.

— Og frå politisk side er det i alle fall ingen tvil om at Bakka-Mo må kome først, seier ho.

Det er kamp om vegpengane, og ordføraren seier at ho har respekt for alle som ropar etter prioritering av til dømes rasfarlege område.

— Men når det gjeld Bakka-Mo snakkar me faktisk om ein europaveg kor ein personbil og ein varebil enkelte stader ikkje kan passere kvarandre, med stor fare både møteulykke og utforkøyringar. Det bør kunne prioriterast først, meiner ho.

Powered by Labrador CMS