Baidaa Shamka Alhamdan er glad for å ha fått praksisplass på Etne omsorgssenter. Når ho har fagbrevet som som helsefagarbeidar i hånda håpar ho på å finne fast arbeid i Etne.
FOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN
Baidaa (32) siktar mot fast jobb
— Me er heldige som har fått kome til Noreg og til Etne. Her har eg funne mogelegheit til å ta ei utdanning i eit fag eg likar, barna mine har fått på plass i skule og barnehage og me har fått gode vener. Eg har ro i hjarta mitt, seier 32-åringen.
Hausten 2016 kom dei til Etne, etter at Integrerings- og mangfaldsdirektoratet hadde vedtatt å busette Baidaa, mannen hennar og dei to barne deira. Dei har ein gut på 10 år og ei jente på 5 år. Baidaa sin bror og hans familie er også busette i Etne, og dei er blant om lag 15 personar med syrisk bakgrunn som bur i bygda i dag.
Lang reise til skulen