Etne tinghus.ARKIVFOTO
Auke i langtidsledige i Sunnhordland
Ved utgangen av mai er det registrert 317 heilt arbeidsledige personar i Sunnhordland. Det utgjer 1 prosent av arbeidsstyrken, og er om lag nøyaktig same talet på ledige i regionen som i forrige månad og som i mai 2024, viser tal frå NAV.
På landsbasis held talet på heilt ledige seg også stabilt på 2 prosent denne månaden, medan talet for Vestland fylket ligg på 1,6 prosent, noko som er ein nedgang på 0,1 prosentpoeng frå førre månad.
I mai månad blei det registrert totalt 546 nye, utlyste stillingar. Det er om lag på same nivået som i april (551), men ein oppgang på 133 stillingar samanlikna med mai 2024. Dei fleste stillingsutlysingane denne månaden var innan helse, pleie og omsorg (202), etterfølgt av industriarbeid (94) og bygg og anlegg (46).