Au pair-ordninga blir fjerna omgåande, opplyser stortingsrepresentant Per Vidar Kjølmoen (Ap) til TV 2.
Au pairar som allereie har kontrakt i Noreg, får ein frist på to år til å avslutte forholdet og reise heim, ifølgje kanalen.
I mars i fjor vart eit forslag om å skrote ordninga sendt på høyring. Regjeringa har no altså konkludert med at det ikkje lenger skal bli mogleg å søkje opphald som au pair i Noreg.
– Den tida der au pair-ordninga reelt sett var ei kulturutvekslingsordning, er forbi. Vi må tore å kalle ordninga det ho er: Underbetalt arbeidskraft, seier Per Vidar Kjølmoen, som er stortingsrepresentant og faglegpolitisk ansvarleg for Arbeidarpartiet.
Han seier i ei pressemelding at regjeringa vil ha eit arbeidsliv med skikkelege arbeidsforhold, også når arbeidet skjer i heimen. LO-nestleiar Sissel Skoghaug støttar ikkje uventa avgjerda.
– Menneske som er i jobb, skal ha rett lønn og gode arbeidsvilkår. Det har ikkje vore tilfelle i au pair-ordninga. Skal ein tilsetje nokon til å jobbe heime hos ein, må ein betale skikkeleg lønn, seier Skoghaug.
Ho viser også til fleire tilfelle der au pairen blir utnytta.
I april i fjor var det 1.100 personar med gyldig au pair-løyve i Noreg. 85 prosent av dei kom frå Filippinane. Au pairar får betalt snautt 6.000 kroner i månaden i tillegg til kost og losji.