Arrvia Shipping sitt nyaste skip Nor Viking» ved kai i Ølensvåg
FOTO: ARRIVA SHIPPING
Arriva Shipping med ny storsatsing
Arriva Shipping omsette for over ein halv milliard kroner i fjor, og nesten dobla resultat før skatt får 2021 til 2022, frå 33 til 64 millionar kroner. Og no investerer det lokale reiarlaget i meir kapasitet. For kort tid etter at dei arrangerte storslått skipsdåp for Nor Viking», har dei no bestilt eit nytt tørrlastskip frå Kina.
Søsterskip
Arriva Shipping har inngått avtale med det kinesiske verftet Dayang Offshore Equipment om levering av eit tørrlastskip på 8.500 dødvekttonn som skal leverast i første halvdel av 2025. Skipet blir eit søsterskip til MS Nor Viking», med forbetringar og oppgraderingar tilpassa skipa sine fartsområde og marknader.