Årets bedrift i Etne og Vindafjord er Arriva Shipping AS. F.v.: Maren Tungesvik Tveiten frå Sparebanken Vest, dagleg leiar Sindre Matre, styreleiar og hovudeigar Jarle Matre, Lars Olav Larsen i Haugesund Sparebank og Anders Hundseid i SR Bank. FOTO: NILS TOKHEIM
Årets bedrift i Etne og Vindafjord er Arriva Shipping AS. F.v.: Maren Tungesvik Tveiten frå Sparebanken Vest, dagleg leiar Sindre Matre, styreleiar og hovudeigar Jarle Matre, Lars Olav Larsen i Haugesund Sparebank og Anders Hundseid i SR Bank.

Næringsliv

Årets bedrift og årets gründer er kåra

Torsdag blei årets bedrift og årets gründer i Etne og Vindafjord kåra på Olalia.

Publisert Sist oppdatert

Torsdag gjekk årets utgåve av Næringsgiv, konferansen som er i regi av Fikse Næringsutvikling, av stabelen på Olalia turisthytte.

Arrangement samla eit hundretals personar frå lokalt næringsliv.

Reiarlag blei årets bedrift

Ein del av den årlege samlinga er utdeling av prisar.

Reiarlaget Arriva Shipping AS frå Ølen blei kåra til årets bedrift.

— Me set pris på ein slik pris frå det lokale næringslivet høgt, sjølv om me opererer i andre marknadar, sa dagleg leiar Sindre Matre.

Småkraftgründer heidra

Årets gründer blei Egil Kambo i Kambo Energi. Etnebuen som har slått seg opp som ein betydeleg entreprenør innan småkraft.

Då han takka for prisen la han vekt på gleda med å bidra til lokal verdiskaping på stader som til dømes Eikemo, kor eit av fleire småkraftverk i Åkrafjorden no er under bygging.

Årets gründer er Egil Kambo i Kambo Energi AS. F.v.: Maren Tungesvik Tveiten frå Sparebanken Vest, dagleg leiar Egil Kambo, Lars Olav Larsen i Haugesund Sparebank og Anders Hundseid i SR Bank.

Grannar kjem tilbake med ein større reportasje frå arrangementet.

Powered by Labrador CMS