Arbeidskyrkje i Etne
Først og fremst må eg vel vera den første til å inrømma at eg ikkje […]
Først og fremst må eg vel vera den første til å inrømma at eg ikkje er ein kyrkjegåar, veit ikkje om Jens Olav Mæland har sett meg i nokon av kyrkjene i Etne sidan eg var konfirmant for ti år sidan. Men det er rart med det, sjølv om ein ikkje går i kyrkja, har ein sine meiningar om kva som bør gjerast med dei. Eg har sjølvsagt ikkje noko imot arbeidet som er blitt lagt ned i både fredagsklubb, internettkafe og tripp trapp-kor på bedehuset. Tvert om, dei som gjer den innsatsen der, fortener verkeleg ståande applaus for at dei bryr seg med å skapa eit alternativ for ungdom på fritida. Men eg synest det er litt rart, for i Etne der ligg det tre kyrkjer med berre få kilometers mellomrom som kunne tronge seg ei oppussing alle tre.
Og det ligg ei historie bak alle tre som er verdt å bevara for framtida, både for turistar og lokalbefolkninga. Er det verkeleg slik at det står så dårleg til med dei kyrkjene at me må sette opp ei fjerde kyrkje medan me ventar på at dei andre dett saman eller rotnar vekk?
Eg synest det mest er ei skam at det ikkje skal finnast penger til å gjera noko med dei kyrkjene me har ifrå før. Eg set det litt på spissen, og reknar med eg får høyra det om eg tar heilt feil. For eg skjønar at bedehuset òg treng ei oppussing og kanskje ei utbygging for å få plass til alle dei aktivitetane som er der, og ein heis opp til andre etasje. Men er det nødvendig å gjere det om til ei kyrkje? Eg berre spør, for eg har vel ikkje ha så mykje eg skulle ha sagt, for uansett kva som kjem opp, blir eg ikkje meir aktiv i kyrkjegongen min, diverre.
Arve Sørheim,Etne