Ei regjeringsoppnemnd arbeidsgruppe vil gi alle i Noreg tilgang til éin time gratis advokathjelp i året. Tenesta skal vere lokal og tilboden av kommunen.
Illustrasjonsfoto: Berit Roald / NTB / NPK
Arbeidsgruppe vil gi alle som bur i Noreg gratis rettshjelp
Ei regjeringsoppnemnd arbeidsgruppe vil gi alle i Noreg éin time gratis advokathjelp finansiert av det offentlege.
– Det finst mange med juridiske utfordringar som ikkje har råd til å engasjere advokat. For folk med økonomiske problem håpar vi at ordninga kan bidra til at dei får løyst dei, seier advokatfullmektig Ida Tønnessen i arbeidsgruppa til FriFagbevegelse.
Gruppa overleverte nyleg konklusjonane sine til Justis -og beredskapsdepartementet. Tønnesen fortel at dei ikkje har lagt nokon avgrensingar til éin time i året.
Forslaget går ut på at alle skal kunne få éin times gratis rettsleg bistand frå ein advokat i nærleiken av der dei bur. Advokaten skal vere privatpraktiserande og skal få betalt for jobben. Dei foreslår også at det blir oppretta ei nasjonal telefonteneste og eit digitalt tilbod som blir drifta av Kontoret for fri rettshjelp.
Målet er at flest mogleg saker skal løysast innan éin time. Advokatane kan sende deg vidare til rett instans dersom dette ikkje er mogleg.
Kostnadene er berekna til 176 millionar kroner i året. Førebels har 76 prosent av allmennadvokatane i landet sagt seg villige til å delta i ordninga.
– Målet er at han skal bli godt kjent i dei enkelte kommunane og vere eit lågterskeltilbod for alle, seier Tønnessen.
(NPK)