Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Finanspolitisk talsperson for Ap Tuva Moflag (Ap) var ordknapp før Arbeidarpartiets gruppemøte tysdag ettermiddag. Foto: Fredrik Varfjell / NTB / NPK
Finanspolitisk talsperson for Ap Tuva Moflag (Ap) var ordknapp før Arbeidarpartiets gruppemøte tysdag ettermiddag.

Arbeidarpartiet snur om kutt i gratis ferjer og gjeldssletting

Publisert Sist oppdatert
Arbeidarpartiet snur om kuttet av gjeldssletteordninga og ordninga med gratis ferjer i forslaget sitt til statsbudsjett.

Det opplyser finanspolitisk talsperson for partiet, Tuva Moflag, tysdag. Ho møtte pressa i vandrehallen i Stortinget etter eit hasteinnkalla møte i Arbeidarpartiets stortingsgruppe.

– Arbeidarpartiet har komme med to løfte i valkampen som ikkje er følgt opp i budsjettforslaget. Det gjeld gjeldssletteordninga og ordninga med gratis ferjer, sa ho.

Desse kutta blir droppa, opplyser Moflag.

– Me held det me lovar. Derfor har stortingsgruppa i dag gitt ei fullmakt til finansfraksjonen om at løfta skal innfriast. Det handlar om Arbeidarpartiets forhold til veljarane som har gitt oss tillit, seier ho.

Kuttforslaga har ført til sterke reaksjonar og skuldingar om løftebrot frå dei andre raudgrøne partia.

– Folk skal komma i jobb, kunne planleggja livet sitt, betala rekningane, vita at barna får ein god skule, og at helsa blir teken vare på når ein treng det. Det er utgangspunktet vårt for forhandlingane med dei andre partia, seier Moflag.

Powered by Labrador CMS