Dette kjem fram i eit intervju med Bergens Tidende etter spørjetimen onsdag der statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) ikkje avviste å sjå på utbygging av verna vassdrag på nytt.
Debatten har gått høgt etter signal både frå Ap og Høgre om at det kan bli aktuelt å byggje ut verna vassdrag. Elleve miljø- og friluftslivsorganisasjonar har gått saman om eit opprop der dei ber statsministeren hindre slik utbygging.
No seier olje- og energiminister Marte Mjøs Persen at Ap ikkje har planar om å endre politikk.
— I dei vassdraga som har behov for flaumsikring, kan det vere grunn til å sjå på moglegheita for noko kraftproduksjon. Men verneverdiane skal alltid vurderast høgast, seier ho til avisa.
Å byggje ut verna vassdrag berre for å sikre meir straum, er ikkje aktuelt seier klima- og miljøminister Espen Barth Eide:
— Eit fleirtal i Stortinget har sagt at der klimaendringar gir store utfordringar med flaumar, så kan det vere aktuelt å regulere på grunn av flaumvern. Det skal ikkje skje på grunn av kraftmangel eller initiativ frå kraftselskapa. Det er styresmaktene som har ansvar for flaumsikringa.
Flåmselva i Sogn og Raundalselva på Voss er blant elvene der det kan vere aktuelt å kombinere flaumsikring og kraftutbygging.
NVE
Løysinga på straumkrisa er ikkje å byggje ut verna vassdrag, meiner Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE).
— Vi vurderer ikkje potensialet i verna vassdrag til å vere så stort. Vi trur det dreier seg om nokre få terawattimar. Det kan vere nokre prosjekt der, men det er ikkje det som kjem til å monne, seier Inga Nordberg, direktør for energi og konsesjonsavdelinga i NVE, til NRK.
NVE reknar med at kraftbehovet fram mot 2040 ligg på 180 terawattimar, medan vi i dag ligg på 140 terawattimar. Men løysinga ligg kanskje andre stadar enn i å byggje ut verna vassdrag. NVE har rekna ut at ved å oppgradere eksisterande vasskraftverk kan ein hente ut 11 terawattimar.
— Det er ein viktig del, men for å ha nok kraft må vi sjå på ulike kjelder og jobbe veldig effektivt med energieffektivisering, seier Nordberg.
Ho viser til at potensialet ved å isolere gamle bygg er på 8 terawattimar med dagens incentiv- og støtteordningar.
— Med endå betre incentivordningar og politiske verkemiddel er det nok potensial for å dra til endå meir her, seier ho til NRK.