Helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol og statsminister Jonas Gahr Støre inviterer til korona-pressekonferanse laurdag formiddag.
Foto: Terje Bendiksby / NTB / NPK
Annonserer truleg lettingar
NPK-NTB: Regjeringa held pressekonferanse om koronasituasjonen laurdag klokka 10. Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) og helseminister Ingvild Kjerkol (Ap) vil delta.
Helsedirektør Bjørn Guldvog og FHI-direktør Camilla Stoltenberg vil òg vere til stades under pressekonferansen, som blir halde i Marmorhallen i Klima- og miljødepartementet.
Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) sa tidlegare fredag til VG at lettar i koronatiltaka vil komme seinast torsdag neste veke.
— Vi nærmar oss tidspunktet for å løyse opp attverande tiltak, sa Støre.
Han er fredag i Brest i Frankrike i samband med eit hav-toppmøte, men reiser tilbake til Noreg fredag kveld
— 17. februar er datoen vi heilt sikkert vil gjere ei vurdering av lettar. Men det kan komme før, sa Støre.
FHI-direktør Camilla Stoltenberg sa fredag morgon til NRK at det no er rom for å lette på koronarestiksjonane.
— Vi har vore opptekne av å ha ein rett balanse mellom tempo i smittespreiing med tanke på å kunne handtere dette. No ser vi at det går bra, og at det er kapasitet til å handtere dei utfordringane vi står overfor når det gjeld sjukefråvær, belastning på sjukehus og i helsetenestene i kommunane, sa Stoltenberg.
— Det er svært få som blir sjuke, og med det som utgangspunkt, er det rom for å gjere ytterlege lettar i Noreg no, la ho til.