Ampert om naturvern
Guri Ravatn (SV) fremja eit forslag om å verne naturområde mot utbygging av arealkrevjande industri og infrastruktur i Vindafjord sin kommuneplan. Fleire i kommunestyret reagerte sterkt og frykta at dette vil stoppe ein mogleg ny E134.
— Plutseleg såg eg dette forslaget og tenkte at det er heilt krise. Dette vil stoppe enormt mange viktige prosjekt i kommunen vår framover. Ny E134 kan me berre legge daudt om dette blir vedtatt, sa Mats Årvik (Frp) i kommunestyremøtet tysdag.
Han anbefalte at ingen skulle støtte forslaget, som han meiner at vil sette kommunen tiår tilbake i tid. Årvik si oppmoding blei høyrt, og Guri Ravatn (SV) var aleine blant 25 representantar til å stemme for naturvernet.
Motstand mot vindkraft
Ravatn foreslo to tilleggspunkt i samfunnsdelen med arealstrategiar i kommuneplanen for 2024-2036. Med støtte frå alle unntatt Høgre sine fem representantar fekk ho inn eit tillegg i ein av strategiane, slik at den skal lyde: Utvikle ein fagleg sterk organisasjon, med fokus på trivsel, innbyggarinvolvering og brukarmedverknad.
Meir motstand møtte for ein arealstrategi om å verne naturområda mot utbygging av arealkrevjande industri og infrastruktur. Ho ønskte dette som ein strategi under eit hovudmål i planen om å forvalte naturressursane og ta vare på naturverdiane for noverande og kommande generasjonar.
— Vår generasjon har ei plikt til å sjå til og gi høg prioritet og i høgaste grad forsøke å unngå nedbygging, sa Ravatn.
Som eit hovudmoment trekte Ravatn fram vindkraft og viste til eit sitat i eit vedtak frå kommunestyret i 2019 der dei sa nei til utbygging av landbasert vindkraftanlegg grunna konsekvensane av naturinngrepa. Vedtaket frå 2019 har ifølgje Ravatn stått seg godt, og ho uttala at vindkraft kunne vore spesifikt nemnt i deira foreslegne strategi.
— Framtida kan bringe moment som me ikkje veit om i dag, derfor blir vårt forslag meir generelt, forklarte Ravatn.
— Atomvåpen
Den generelle tilnærminga til Ravatn blei ikkje godt mottatt. Geir Berge (H) fortalde at han i prinsippet er einig med ho i at ei skal verne naturen, men at han meiner at ein må gjere det i sak for sak. Eit slikt vedtak ville ifølgje Berge ha stoppa all utvikling i kommunen.
Blant dei mest kritiske til forslaget var Håvard Rørtveit (H). Han omtala det som uhyre dårleg for kommuneplanen, sidan den er det høgaste styringsverktøyet kommunen har. Dette understreka Rørtveit med at eksempelvis Statsforvaltaren likar å bruke deira eigne vedtak mot dei. Dette vedtaket ville ifølgje han blitt eit fast moment å gå til for å stoppe all utvikling kommunestyret ønskjer.
— Eg trur det er eit atomvåpen i planarbeidet, sa Rørtveit.
Etter å ha høyrte kritikken frå fleire representantar forklarte Ravatn at det i forslaget ligg å vere føre var. Ho understreka at dei ikkje kan la kvar minste flekk vere i fred framover, men at haldninga til SV er at dei vil verne naturområda.
Rørtveit presiserte at det i det foreslegne vedtaket ville stått svart på kvitt at ein skal verne naturområde mot utbygging av arealkrevjande industri og infrastruktur, og at dei følgeleg ikkje ville kunne bygge ein ny E134. Det ville ifølgje Rørtveit bli det einaste både kommunedirektør og statsforvaltar kunne lese ut av eit slikt vedtak. Ravatn uttala at ei formulering som i forslaget hennar ville få fram at det er forskjell på å bygge ein firefelts E134 og ein tofelts- med avkøyringspunkt og slikt.