For å koma vidare i utviklinga av arrangementet, ynskjer dei alle tal og kort på bordet, både når det gjeld Etnemarkanden og Skakke.
— Me er ikkje ute etter å reise kritikk mot nokon i Etnemarknaden. Me håper å få i gang ein open debatt om kva marknaden skal vere i framtida. Første bod er å gjenreisa tilliten blant folk etter at den har forvitra dei siste åra, og så må me få entusiasmen attende, seier Aslaug Mala og Svanhild Moland.
I lokalmiljøet er Mala kjent som ein aktiv samfunnsdebattant og som drivar og eigar av utestaden Saloonen. Boland er utflytta etnebu, men reiser til heimbygda ofte og har fått med seg nesten kvar einaste marknad sidan starten. Dei to venninnene er uroa over både dei relativt låge besøkstala dei siste åra, knapt 18.000 i år. Dei peiker på at publikumssvikt råkar både økonomien til kulturhuset Skakke og dei frivillige laga og organisasjonane som samla legg ned tusenvis av dugnadstimar i marknaden.