Frå tidlegare i sommar.
FOTO: Anita Haugland
Aktivitetsdag på Osnes
Som ein del av Friluftslivets veke arrangerer Etne Frivilligsentral, i samarbeid med Etne Turlag, Etne Speidarar, Etne Røde Kors og Etne Jeger og Fiskerforening, aktivitetsdag på Osnes komande laurdag.
Arrangementet som er gratis, er retta mot både barn, ungdom, vaksne og familiar. Her blir det fyr på grill og bålpanner, og nytrekt kaffi og reint drikkevatn, men grillmat/niste må deltakarane ta med. Det blir aktivitetar både på sjø og land, med kano, kajakk, SUP brett, sambandstrening, presisjonskast med stang, hestesko kasting og mykje meir. Og premiar.
Dette er også natta då heile Noreg» søv ute, og for dei som vil delta på dette, blir det kos rundt bålet med med eventyrstund og gratis varm kveldsmat.