Henriette Skogøy, Hedda Miljeteig, Laila Aksdal og Grethe Kirketeig på plass bak disken på Haugli Bakeri sin butikk i Aksdal Senter. Nå er selskapet 100 år.
Foto: Alf-Einar Kvalavåg/Tysvær Bygdeblad
Næringsliv
Aksdal: 100 år og hundrevis av freistingar
På mange måtar er kafeane limet i eit kjøpesenter. Eit treffpunkt der ein kan treffe på kjentfolk, slå av ein prat og ikkje minst slappe av med ein godbit og ein kopp kaffi. Slik er det også på hjørnet i senteret.
– Her har me alle slags kundar. Dei som hastar forbi på veg ein eller annan stad og berre skal ha noko godt med seg og dei som skal ha lunsj og som kjem kledd i kjeledress og hjelm. I tillegg har me sjølvsagt ei rekke med faste kundar og ofte treff kjentfolk og blir sittande og løyse verdsproblem. Det er som du seier noko som senteret treng og som kundane søker mot, seier leiar i butikken Henriette Skogøy.
31-åringen har sju tilsette med seg som dagleg sørger for at det bognar av godsaker i disken. Ein jobb ho stortrivast i, – ein variert jobb der ho dagleg treff hundrevis av kundar.