— Extra-butikken i Etne passerer 60 millionar kroner første driftsår, fortel regiondirektør Trygve Vikse i Coop Sørvest.
Det er 10 millionar meir enn målet dei hadde sett for butikken før opninga som fann stad 10. mars i fjor.
I 2015, siste heile driftsår i dei gamle lokala Etne, og då under Coop Prix-paraplyen, var omsetnaden på 34 millionar. Auken frå 34 til 60 millionar tilsvarar 76,4 prosent vekst. 25 prosent av av omsetnaden skriv seg frå utanbygds kundar.