Stramar til. Helse- og omsorgsminister Bent Høie, barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad og statsminister Erna Solberg under ein pressekonferanse om koronasituasjonen.
Foto: Terje Bendiksby / NTB
433 nye smitta registrert siste døgn
Dei siste to dagane er auken på 593 melde tilfelle, ifølgje tala frå det nasjonale meldesystemet for smittsame sjukdommar (MSIS).
På same tid for ei veke sidan var auken 146 melde tilfelle på eitt døgn.
Ikkje tidlegare under koronapandemien er det registrert like mange nye smitta på eitt døgn. Den førre toppen vart nådd 24. mars med 313 nye smitta registrert på eitt døgn.