Regjeringa foreslår å gi 40 millionar til norsk og samisk språk i KI

Statsbudsjettet

40 millionar til norsk og samisk språk i KI

Regjeringa foreslår å løyve til saman 40 millionar kroner til trening, oppdatering og tilgjengeleggjering av norske og samiske språkmodellar i utviklinga av KI-baserte verktøy og tenester.

Publisert Sist oppdatert

Av dei 40 millionane, foreslår regjeringa at 20 millionar kroner går til Nasjonalbiblioteket, som skal trene, oppdatere og gjere tilgjengeleg språkmodellar som andre kan bruke til å utvikle KI-baserte verktøy. Dei andre 20 millionane er foreslått å gå til finansiering av reknekraft til trening av modellane, levert av det statlege tungrekneselskapet Sigma2 AS, som er eigd av Sikt – Kunnskapssektorens tenesteleverandør.

Språkmodellar frå internasjonale teknologiselskap, som ligg til grunn for tenester som ChatGPT, er lite trena på norsk materiale, og har derfor ikkje god kjennskap til norsk og samisk språk og norske forhold. Språkmodellar som derimot er trena på norsk og samisk innhald vil kunne danne utgangspunkt for KI-verktøy som er betre tilpassa bruk på norske arbeidsplassar, i norsk skule og utdanning.

– No byggjer vi naudsynt teknologisk infrastruktur for kunstig intelligens, så norsk næringsliv og offentleg sektor kan utvikle tenester på våre eigne språk. Digital bruk av norsk og samisk er avgjerande for å bevare dei som levande og samfunnsberande språk, seier forskings- og høgare utdanningsminister Oddmund Hoel (Sp).

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS