Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Oppgraderinga av verdas lengste tunnel, Lærdalstunnelen, startar i 2025 og skal etter planen vere ferdig i løpet av fire til fem år. Foto: Marit Hommedal / NTB / NPK
Oppgraderinga av verdas lengste tunnel, Lærdalstunnelen, startar i 2025 og skal etter planen vere ferdig i løpet av fire til fem år.

39 norske vegtunnelar tilfredsstiller ikkje EUs tryggingskrav

Publisert Sist oppdatert

39 norske vegtunnelar tilfredsstiller ikkje EUs tryggingskrav. 25 av dei ligg på Vestlandet.

I Noreg er det meir enn 1200 vegtunnelar. I snitt er det branntilløp i to av desse kvar einaste månad, og kvart år døyr nær fire personar i tunnelulykker, skriv Teknisk Ukeblad (TU).

For å redusere talet på tunnelbrannar og betre den generelle tunneltryggleiken, lanserte EU nye tryggingskrav i 2004. Den nye tunneltryggingsforskrifta tredde i kraft i 2014.

Sjølv om Noreg fekk dispensasjon fram til 2019, er det framleis 39 norske vegtunnelar som ikkje tilfredsstiller minstekrava i forskrifta. 25 av dei ligg på Vestlandet.

På Aust- og Sørlandet har alle europavegtunnelar vorte oppgraderte til EU-standard dei siste åra, men mange av dei 25 tunnelane i vest vil først ferdigstillast eller blir erstatta mellom 2030 og 2040.

– Vi meiner den norske regjeringa bør prioritere tryggleiken til brukarar av vegtunnelar og påskunde nødvendige oppgraderingar, seier Jarle Hetland, kommunikasjonssjef i Esa, til TU.

(NPK)

Powered by Labrador CMS