Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Koronaviruset spreier seg til stadig nye delar av landet. Illustrasjon: Folkehelseinsituttet

222 nye smittetilfelle siste døgn

NPK-NTB: Det siste døgnet er det registrert 222 koronasmitta i Noreg. Det er 221 færre enn snittet dei siste sju dagane og 333 færre enn tilsvarande snitt for ei veke sidan.

Dei siste sju dagane er det registrert til saman 3.102 nye smittetilfelle i Noreg, som gir eit snitt på 443 kvar dag. Dette er ein minkande trend samanlikna med tilsvarande snitt for sju dagar sidan, som låg på 555.

Tala er i helga normalt lågare enn i vekedagane. Fredag vart det registrert 480 nye smittetilfelle, medan talet var 329 laurdag.

Førre søndag vart det registrert 366 nye smittetilfelle, 144 fleire enn denne søndagen.

Ved midnatt natt til måndag var 4,9 millionar koronatestar utførte her i landet, sidan februar i fjor. 110.612 av desse har gitt positivt testsvar, viser førebelse tal.

I alt 1.189.900 personar har fått første dose av koronavaksinen, og 306.845 personar har fått andre dose.

Søndag var 200 koronapasientar innlagde på sjukehus. Det var åtte fleire enn dagen før.

Til saman er 736 koronasmitta personar døde i Noreg sidan mars 2020, viser førebelse tal. Om pasientane har døydd av eller med covid-19, er ikkje alltid mogleg å slå fast.

60,3 prosent av alle døde har fylt 80 år. I aldersgruppa under 50 år er det meldt om 16 dødsfall i Noreg.

51 koronasmitta i Oslo siste døgn

Det er registrert 51 nye koronasmitta i Oslo siste døgn. Det er 84 færre enn snittet dei sju tidlegare dagane og 37 færre enn same dag førre veke.

Dei siste to vekene har det i snitt vorte registrert 150 smitta per dag. Fredag vart det registrert 143 smittetilfelle, og laurdag 107. Smittetala går normalt ned i helga, men også samanlikna med same dag førre veke er det altså ein nedgang å spore.

Oslo kommune skal tysdag halde ein pressekonferanse om tiltaksnivået, etter at hovudstaden har vore delvis nedstengd i drygt fem månader.

Det er berre moderate lettar som blir diskuterte i byrådet i forkant av pressekonferansen på tysdag.

— Tredje bølgje blir slått ned

Etter at Oslo i helga registrerte under 200 smitta for tiande dag på rad sa helsebyråd Robert Steen til NTB laurdag at tredje bølgje er i ferd med å bli slått ned.

— Eg er veldig glad for at smittetala går ned, og at talet på innleggingar på sjukehusa er på veg ned. Det viser at tiltaka våre verkar og at oslofolks innsats gir resultat. Sånn eg vurderer situasjonen no, så meiner eg at den tredje bølgja er i ferd med å bli slått ned, sa Steen.

Steen understreka likevel at smittetrykket framleis er alvorleg, og åtvara mot å håpe på store lettar i Oslo-tiltaka med det første.

— Eg er veldig oppteken av at vi ikkje må snuble på oppløpssida og opne for mykje og for tidleg – eller leggje fram omfattande gjenopningsplanar når oppgåva er å slå ned viruset, ikkje å opne opp samfunnet, sa Steen.

Oslo har no tolv samanhengande dagar med under 200 registrerte smittetilfelle.

Framleis høgast trykk i Stovner

Smittetala er høgast i bydelen Stovner. Der ligg smittetrykket på 612 smitta per 100.000 innbyggjarar dei siste to vekene.

Etter det følgjer bydelane Grorud (534) og Søndre Nordstrand (524).

Bydelen Nordre Aker har for tida dei lågaste smittetala. Der er smittetrykket på 101 smitta per 100.000 innbyggjarar dei siste to vekene.

Totalt er 33.110 Oslo-borgarar registrerte smitta sidan mars i fjor.

Powered by Labrador CMS