Dronning Sonja, kong Harald og kronprins Haakon får meir pengar i forslaget til statsbudsjett.
Foto: Ole Berg-Rusten / NTB / NPK
Statsbudsjettet
20 millionar kroner til sarkofag for kongen og dronninga
NPK-NTB: Den siste kvilestaden for kongen og dronninga kjem til å koste 20 millionar kroner. Det kongelege hoffet skal skaffe ein sarkofag til kongen og dronninga.
– På same måte som for kong Haakon VII og dronning Maud, og kong Olav V og kronprinsesse Märtha, skal sarkofagen nyttast som siste kvilestad for Hans Majestet Kongen og Hennar Majestet Dronninga i det kongelege gravkapellet på Akershus festning, skriv Kongehuset i ei pressemelding.
Sarkofag er ei likkiste i stein som ofte er utsmykka med inskripsjonar og andre utsmykkingar.
Snøhetta har vorte vald som samarbeidspartnar for prosjektet, og utforminga av sarkofagen har byrja.
Men kongen skal ikkje innta sin siste kvilestad heilt enno. I statsbudsjettet for neste år foreslår regjeringa ein auke i apanasjen til kongefamilien.
I fjor fekk kongeparet 15 millionar kroner, den summen skal opp til 15,5 millionar kroner. For kronprinsparet aukar summen med 600.000 kroner til 12,9 millionar, skriv TV 2.
Det kongelege hoffet går frå 258,5 millionar kroner i fjor til 269,3 millionar kroner i 2025. Totalt får kongefamilien og kongehuset 316,8 millionar kroner gjennom statsbudsjettet.