19-åring omkom

Vogntoget køyrde i fjellveggen i ein sving rett ved Djupedalstunnelen på riksveg 13 nord for […]

Publisert Sist oppdatert

Vogntoget køyrde i fjellveggen i ein sving rett ved Djupedalstunnelen på riksveg 13 nord for Nesflaten i Suldal. Ulukka skjedde rett før ein venstresving og vogntoget køyrde i fjellvegen på høgre side, ifølgje politiet.
Den omkomne sjåføren frå Vindafjord var aleine i vogntoget. Det har ikkje meldt seg vitne til ulukka.

Store skadar
— Det var store skadar på førarhuset og resten av vogntoget. Politiet har gjort sine undersøkingar, og Statens vegvesen si ulukkesgruppa er ferdig med sine undersøkingar på staden. Det er skrensespor etter trekkvogna. Ut over det kan vi førebels ikkje seie noko om årsaka til ulukka. Det er i ein tidleg fase i etterforskinga, opplyste lensmann Niljann Hustoft i Suldal til Grannar midt på dagen i går.
Namnet på 19-åringen var ikkje frigitt før Grannar gjekk i trykken i går. Hustoft opplyser at sjåføren arbeidde i eit lokalt transportfirma.

Var omkommen
Det var ein annan lastebilsjåfør som kom til staden, som melde frå til AMK-sentralen åtte minuttar over midnatt natt til onsdag. Både ambulanse, lege og politi rykka ut til ulukka, og var framme ein god halvtime seinare. Klokka 01.21 vart ein person meldt funnen omkommen i det øydelagde førarhuset. Midt på dagen i går vart vogntoget frakta til Statens vegvesen i Haugesund for vidare undersøkingar.
Røldalstunnelen på E134 har vore mykje stengt i det siste på grunn av oppgradering, og tungtrafikken har i større grad nytta riksveg 13. Rødalstunnelen vart opna i går natt sidan den alternative ruta over Nesflaten var stengt etter ulukka.

Powered by Labrador CMS