Dei fleste som blir tvangsutsende blir mellombels innkvarterte her på Politiets utlendingsinternat på Trandum i Ullensaker.
Foto: Terje Pedersen / NTB / NPK
182 personar tvangsutsende frå Noreg i januar
Politiet sende ut 182 personar med tvang frå Noreg i januar. Ein av tre var straffa ein eller fleire gonger her i landet.
Blant dei 182 personane var 56 nasjonalitetar representerte, og dei vart sende til 48 ulike land over heile verda.
Av dei 66 straffa som har vorte uttransporterte av politiet så langt i år, har flest statsborgarskap Romania med 24 prosent, Polen 14 prosent og litauarar utgjer 8 prosent av denne gruppa.
Elleve av dei utsende var mindreårige, men ni av dei reiste saman med føresette, viser tala frå Politiets utlendingseining (PU).
Ingen av dei som vart sende ut hadde lovleg opphald i Noreg. Denne gruppa utgjer i hovudsak fire kategoriar:
Den første gruppa er folk som har fått endeleg avslag på ein asylsøknad. Den andre gruppa er personar som blir uttransporterte etter Dublin-forordninga, som regulerer kva land som skal behandle ein asylsøknad.
Den tredje gruppa er såkalla viste bort, som av ulike grunnar ikkje har lov til å vere i Noreg. Den fjerde gruppa er utviste, som ikkje har søkt om asyl. Er ein utvist får ein innreiseforbod.
(NPK)