Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Det siste døgnet er det registrert 171 koronasmitta i Noreg. Det er 40 færre enn same dagen i førre veke. Trenden er framleis fallande. Foto: Jil Yngland / NTB / NPK
Det siste døgnet er det registrert 171 koronasmitta i Noreg. Det er 40 færre enn same dagen i førre veke. Trenden er framleis fallande.

171 nye koronasmitta registrert siste døgnet

NPK-NTB: Det siste døgnet er det registrert 171 koronasmitta i Noreg. Det er 40 færre enn same dag førre veke.

Dei siste sju dagane er det i snitt registrert 163 koronasmitta per dag.

Tilsvarande snitt for sju dagar sidan låg på 179, så trenden er fallande.

Ved midnatt natt til torsdag var det utført 6,3 millionar koronatestar her i landet sidan februar i fjor.

I alt har 133.720 personar testa positivt.

Til no har 3.103.342 personar fått første dose av koronavaksinen, og 1.605.506 personar har fått andre dose.

Onsdag var 20 koronapasientar innlagde på sjukehus. Det var éin færre enn dagen før.

Til saman er 796 koronasmitta personar døde i Noreg sidan mars 2020, viser førebelse tal. Om pasientane har døydd av eller med covid-19, er ikkje alltid mogleg å slå fast.

57,9 prosent av alle døde har fylt 80 år. I aldersgruppa under 50 år er det meldt om 17 dødsfall i Noreg.

Powered by Labrador CMS