150 på fotballskule

GrannKam sin fotballskule, er meir populær enn nokon gong, og samlar deltakarar frå ni til […]

Publisert Sist oppdatert

GrannKam sin fotballskule, er meir populær enn nokon gong, og samlar deltakarar frå ni til 14 år frå heile distriktet. Denne veka boltrar 150 fotballspelarar seg på Ølen stadion og motivasjonen er det ingenting å seie noko på.
— Dette er langt over det vi forventa, seier leiar i GrannKam, Leif Kro. Han fortel at spelarar frå FK Haugesund er med som instruktørar, noko som er svært populært blant dei unge. Det er ikkje lite som skal klaffe når så mange skal aktiviserast på same tid, men instruksane går, og aktørane er raskt på plass ved både sidebyte og nye balløvingar.
Stort apparat
Ansvarlege for arrangementet er GrannKam sin hovudtrenar Ståle Berge og assistentrenar Nils Erik Eide med god hjelp av GrannKam sin stab.
— Dette er ein viktig del av GrannKam si inntekt, og difor er det fint å sjå at så mange stiller opp for å få arrangementet vel i hamn, seier Nils Erik Eide.
Han fortel om eit stort apparat for å få fotballskulen avvikla. Men både A og B-lagsspelararane, pluss damelaget og styret står på. For det trengst mange, ikkje minst instruktørar desse dagane.
Planlegginga av fotballskulen, er også eit viktig arbeid, som krev mykje førearbeid.
Sjølv om dette er sjuande gong den populære fotballskulen blir arrangert, går ingenting av seg sjølv, og er veldig avhengig av veret. Eide minnast veret i fjor då det var så dårleg at alt måtte flyttast inn i idrettshallen, men i år hadde i alle fall dei tre første dagane med fint ver.
Praktisk fotball
Overalt på stadion er det aktivitet. Dei 150 deltakarane er delte inn i grupper med fotballen i sentrum. Instruktørane gir råd og viser finessar i praksis. Ei lang rekke er oppstilt og instruktøren ropar til ein og ein:
— Dribla meg og skyta mål på han.
Etterpå vankar det helst skryt, fint, fint og flott, flott. Og mange komande fotballspelarar smilar og synest å like både det dei gjer, og skryten etterpå.
Dagane er delte i to økter, med ein times matpause midt på dagen. Då er det felles måltid i Ølen samfunnshus.

Powered by Labrador CMS