144 hygde seg på eldrefest
Eit ord som gjekk igjen på eldrefesten i Ølen var meirsmak. Praten gjekk laust rundt bordet, og det var god stemning då dei fekk servert smørbrød og kaffi i pausen. Olav Helland gleda seg aller mest til musikk med det populære ekteparet frå Jørpeland, Rita Fotland Bøe og Kåre Bøe.
– Duoen er veldig populær. Eg trur mange er komne her i kveld for å høyra på dei, seier Wenche Sandbekken Lilleland, som er leiar i rådet for eldre og personar med funksjonsnedsetting i Vindafjord.
Dei samarbeider med Vindafjord kommune om å arrangera eldrefesten årleg på den internasjonale dagen for eldre.