Skattedirektør Nina Schanke Funnemark minner om leveringsfristen 31. mai.
Foto: Skatteetaten
140.000 næringsdrivande risikerer tvangsmulkt
Fristen for å levere skattemeldinga for næringsdrivande og selskap går ut fredag 31. mai. Hittil har rundt 610.000 anten levert eller fått utsetjing.
Dei sist oppdaterte tala frå Skatteetaten viser at om lag 460.000 næringsdrivande og selskap har levert skattemeldinga, og at over 150.000 har søkt om utsetjing. Dermed er det framleis over 140.000 næringsdrivande som korkje har levert skattemelding eller søkt om utsetjing.
Lønnsmottakarar og pensjonistar slepp å levere den førehandsutfylte skattemeldinga, noko som blir kalla leveringsfritak. Dette fritaket har ikkje næringsdrivande og selskap. Dei må levere skattemelding kvart år.