Glad for statleg krisestøtte. Ole Martin Grindheim og sonen Alf Johan Grindheim (25) starta opp med bilutleige i vinter, og fekk korona-krisa midt i fleisen.
ARKIVFOTO: IRENE MÆLAND HARALDSEN
133 verksemder i Etne og Vindafjord har fått kontantstøtte
Regjeringa har fram til no delt ut 4,5 milliard kroner i såkalla kontantstøtte til verksemder i Noreg. Pengane er øyremerka støtte til faste utgifter til verksemder som har mista 30 prosent eller meir av sine faste inntekter.
— For bilutleigeverksemda har det vore eit vere eller ikkje vere, seier Ole Martin Grindheim.
Krevjande start