Sandeid skule.
Arkivfoto: Jon Edvardsen
Utan barnefamiliar vil bygdene døy
Barnehage- og skulebruksplan for Vindafjord er lagt ut på høyring, kommunen tilrår mellom anna avvikling av grunnskulen i Sandeid, Vats, Imsland, Bjoa, Ølensvåg og Vikebygd. Samstundes som ungdomskulane i Skjold og Vikedal skal avviklast, skal det opprettast ein ny ungdomsskule i Ølen og ei rekke endringar i barnehagestrukturen.
I forslag til satsingsområde i revidert kommuneplan heiter det at Vindafjord kommune skal ha attraktive lokalsamfunn, og i gjeldande kommuneplan heiter det at bygdene skal vera levande. Ein kan med sikkerheit seie at ei bygd utan barnehage og grunnskule verken er attraktiv eller levande.
Distrikts-Noreg overlever ikkje ved å imitere byane