Rune Hetland. Arkivfoto.
Ope Forum
Tankar om barnehage og skule
DEBATT: Tenk om debatten om barnehage og skule hadde handla om innhald og ikkje om struktur.
Eg meiner at det å diskutere barnehage og skule er viktig både administrativt i kommunen, for dei viktige tilsette med pedagogane i spissen, for foreldre, for bygdefolket og sjølvsagt politisk. Gode og trygge barnehagar og skular er det aller viktigaste for å gje våre unge ein god oppvekst og ein god start i livet. Men det er vanskeleg å skjøne kvifor slike debattar alltid skal handle om struktur og lite anna. Det skaper uro i bygdene, kostar tid og pengar, og er ei avsporing frå det som er viktig, innhaldet i barnehage og skule. Det er det daglege møtet mellom lærarar og elevar, elevar imellom og samspelet med foreldra som er avgjerande i kvardagen og som bør få all merksemd. Eg er heilt sikker på at dersom alle dei kroner og timar som Vindafjord kommune nå har brukt på å vurdere struktur i staden for hadde blitt brukt til å styrke innhaldet så ville det gitt merkbare resultat til beste for tilsette, barn, foreldre og dermed kommunen. Men slik vart det ikkje denne gongen heller……
Tenk om det vart lagt like mykje administrative og økonomiske ressursar på å sjå korleis ein kan auke folketal og barnetal i bygdene i Vindafjord. Barnehage og skule er grunnmuren for busetnad, næringslivet er imponerande med mange både store og små arbeidsplassar, folk i bygdene er driftige og kan gjennom dugnad by på gode aktivitetstilbod for å nemne noko av det som er viktig for å vere attraktiv. Men når folketalet ikkje aukar og barnetalet går ned må ein spørje seg om noko kan gjerast betre. Her har kommunen, næringslivet, lag og organisasjonar og folk flest elles felles interesse av å finne ut kva som kan gjerast betre eller finne nye spenstige tilbod. Det blir gjort mykje bra i dag, og det er ikkje lett; men det er heilt sikkert tiltak som kan gjere det meir aktuelt for unge å busetje seg. Som å imøtekome det unge sjølv peikar på kan vere avgjerande. I Vikebygd har til dømes 18 ungdomar skrive eit opprop der dei bed om at det blir tilrettelagt meir attraktive bustadtomter, og til og med peika på aktuelle stader. Dette berre må møtast positivt og offensivt. Det som er sikkert er at alle investeringar som gir auka busetnad vil styrke kommunen på sikt og gi positive ringverknader også for næringslivet som får auka tilgang på både kundar og tilsette.