Styret i Folgefonn Senior Høgre.
FOTO: PRIVAT
Debatt
Statsforvaltaren skal få mindre makt over kommunane»
Uttale vedteken på årsmøtet til Folgefonn Senior Høgre 30.10.23:
Statsforvaltaren … er imot massehandtering uansett kvar vi skal ha det». Sitatet står i lokalavisa Grenda 25. okt. Utsegna kom frå ein planleggingsleiar i Vestland fylkeskommune under eit møte i plannemnda i Kvinnherad. Saka handla om poll til poll-tunnelen, det høgt prioriterte skredsikringsprosjektet i Mauranger som er under planlegging.
Flytting av stein og jord er gjerne viktigaste verkemiddelet når ein skal utvikla nye areal for bustad og næring i kommunane rundt Folgefonna. For dei fleste lokalpolitikarane som har stilt til val på partiprogram som vil utvikla levande bygder», er det berre frustrerande når overmakta» tvingar ein til å redusera og endra planar eller leggja til side planar som kunne skapa ei meir positiv utvikling i bygder og tettstadar.