Kristian Haraldson Resset er kommunestyrerepresentant for Bjoa bygdeliste.
Foto: Jon Edvardsen
Debatt
Planløysa
Vindafjord kommune har ein kommuneplan som er vedteke for 2017-2029. I planen sin samfunnsdel er levande bygder eige satsingsområde. I planen står det at målet er ei vekst i folketalet på 1 prosent årleg.
Blant virkemidla for å oppnå denne veksten seier kommuneplanen mellom anna: Det er viktig å utvikle og marknadsføre Vindafjord kommune som ein attraktiv bukommune. Dette krev ei brei satsing på bustadtomter, arbeidsplassar, kulturtilbod, handel og service, og ein desentralisert barnehage- og skulestruktur.»
Kommuneplanen er den overordna planen for Vindafjord kommune. Samfunnsdelen tek stilling til langsiktige utfordringar, mål og strategiar. Det er i kommuneplanen vi seier noko om kva vi vil oppnå og kva retning kommunen som organisasjon skal arbeide etter.