Innsendaren støttar protestar mot nytt saltlager ved planteskulen i Etne, slik fleire naboar (bildet) også har gjort gjennom eit oppslag i Grannar.
FOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN
Debatt
Nokre tankar vedrørande saltlager på Planteskulen» i Etne
For det første, eg vart veldig overraska over at politikarane og kommuneadministrasjonen igjen, etter mi meining, har gått i den fella å blande boligbebyggelse og industri i uskjønn» forening. Det genererer som regel interessekonfliktar, noko som nå har skjedd på gamle planteskuleområdet.
Det blir planlagt å opprette eit saltlager her, for bruk til vegsalting! Saltet kjem med båt til Etne og skal fraktast opp til dette lageret midt i bygda. Vegen opp til lageret vil passera barnehage/skule.
I mitt daglege virke rundt om i bygda ser eg ofte barnehageungar og skuleungar som bruker denne vegen som turveg, og dette område er også flittig brukt som ein passeleg turveg.
Her skal det altså fraktast ca. 3.000 tonn salt frå kaien på Tongane, lastast av og lagrast, for så å frakte desse 3.000 tonn salt ut på vegane igjen vinterstid. Mørke morgonar, mørke ettermiddagar/kveldar, med små og store menneske vandrande rundt midt i ei oppkonstruert rute for tungtransport. Der store deler av strekninga manglar gang- og sykkelsti.
Det finst per i dag eit lager på Tongane som er brukt til dette formålet. Same aktør kan også tilby Mesta, som har saltinga av E134 i område, ein plass på Fikse til lagring.
Eg har ikkje informasjon om kvifor Mesta vil skifte beite», men som elles i samfunnet handlar dette truleg om pengar. Eg kan ikkje forstå andre grunnar. Eg har vore i kontakt med kommunen og dei seier at dette området er regulert til industri. Derfor er det lite dei kan gjere anna enn å ta imot søknaden, og behandle den.
Men, kjære kommuneadministrasjon! Lov meg – ver så snill – la fornufta råde og bruk alle muligheiter til å stoppe denne, etter mi meining – galskapen!
Til slutt: Salt og lakseelver!! Det høyrest ikkje ut til å vera yin og yang! I mitt yrke som røyrleggjar har eg fleire gonger vore ute på oppdrag med å pumpe vatn ut av kjellarar i område. Dette området er flaumutsett, og med spådommane som heng over oss, så blir det neppe mindre vatn i framtida.
Og som ein avslutning vil eg henstilla til grunneigar. Ta ei revurdering på om dette er det beste for område.