Nort Connect. Kartet viser omsøkt trasé frå Sima i Eidfjord til utløpet av Hardangerfjorden.Illustrasjon: NVE
Legg kraftkrevjande industri der krafta er
Før i tio , den gong då dei tenkte seg om … – la dei kraftkrevjande industri der krafta var. I dag vil dei strekkja kablar over montermaster, til ein stad langt borte, over fjord og fjell. Milevis, der straumen ikkje gjer anna nytte for seg enn å skjemma natur og tapa seg i effekt. Til ein stad der nesten ingen bur, frå ein plass der folk flyttar frå, forstå det den som kan.
Etne INP vil retta ein stor takk og støtte til dei som kjempar mot monstermastene som er planlagd frå Blåfalli til Gismarvik. Det verkar som gamalt bondevit er ein saga blott, når vi veit at straumen tapar seg og forsvinner i lange kabelstrekk. INP vil ha utvikling, ikkje avvikling, så kvifor ikkje bruka den gamle kunnskapen og leggja kraftkrevjande industri der krafta er? I distrikta.
INP er for distrikta, og eg lurar litt på kvifor straumen må flyttast over lange strekk, med store tap?
Vi vil også utvikla Noreg og turistnæringa, men det nyttar jo ikkje med nedbygging av landet med monstermaster. Eg ser ikkje for meg at folk kjem til eit Noreg som driv å raserer seg sjølv, det måtte vera dei som vil nyta siste rest. For det blir ikkje mykje att å sjå, no når t.d. Høgre seier det hastar med raseringane. Les vindkraft. Jaudå Ap stressar også opp eit hastverk, og eg er viss på det blir eit lastverk.