Åsmund Kalstveit tek til orde mot vindkraftutbygging i Skjold. Arkivfoto/illustrasjon: Arkiv/Grannar/Eviny
Åsmund Kalstveit tek til orde mot vindkraftutbygging i Skjold. Arkivfoto/illustrasjon: Arkiv/Grannar/Eviny

Debatt

Kort soge om vindkrafta i Vindafjord

Det byrja i 2006 for vår del, det vil seia oss bønder frå Vats, Ilsvåg og Sandeid med eigarinteresser på Døldarheia, fjellmassivet mellom desse bygdene. Haugaland Kraft og Fred Olsen Renewables presenterte planane sine, og me fann ut at me ville vera føre var og danna grunneigarlag for å kunna stå samla, anten for eller mot desse planane. I 2007 kom så Fylkesdelsplan for vindkraft i Rogaland» der Døldarheia, fjellområdet mellom Imsland og Vikedal, og Bukkanibba nord for E-134 i Ølensvåg vart utpeika som særleg aktuelle vindkraftområde. Presset frå utbyggjarar auka, og me let oss riva med, meir eller mindre friviljug. I kommunestyret var og stemninga positiv – 25 for og 4 imot, meiner eg å hugsa.

For oss vart det ei travel tid med forhandlingar, advokathjelp, intern diskusjon og til og med rettssak om kven som hadde rettigheiter og jordskiftesak for å klargjera eigedomstilhøva. Alt enda opp i framforhandla avtalar som kom til handsaming i kommunale organ i 2014. Om avtalane var aldri så lukrative både for oss og kommunen, så hadde stemninga i kommunestyret og ute mellom veljarane snudd, no vart det 12 for og 13 mot. I tillegg sa jo NVE nei til konsesjon.

Nokre år etter kom nye utbyggjarar på friarføter til oss, og då hadde stemninga snudd også i styret for Døldarheia Sameigelag. Me sa nei takk, og glade var me for det, då det viste seg at eigarinteressene i dette nye prosjektet viste seg å vera tyske pensjonsfond registrerte i det såkalla skatteparadiset Luxemburg.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS