Anders Haugland har ikkje så mye til overs for argumenta til Motvind Norge.ARKIVFOTO
Debatt
Knytte nevar eller eit ope sinn?
I to debattinnlegg i Grannar har Motvind Norge ved sin leiar fortalt oss om dei skremmande kreftene som trugar Døldarheia og visstnok heile Vindafjord – om me ikkje straks lukkar alle dører for vindkraft. Me får høyra om kraftprodusentar som vil oss vondt, her nokre sitat: en aggressiv bransje som setter egen profitt foran alt annet», tilkarringsindustri på jakt etter rask profitt, vi blir forsøkt lurt», arroganse og manglende respekt», et hån mot alle» og kolonisering av distriktene».
Ja, slik kan det kanskje sjå ut frå hovudkontoret i Oslo. Men her i Vindafjord trur eg at folk flest vil ha ein sakleg debatt med gjensidig respekt – utan konspirasjonsteoriar og ufine ord! Her er det eit ønskje om sakleg informasjon, både for og imot. Derfor gjorde kommunestyret vedtak om ikkje seia prinsipielt nei til vindkraftutbygging i Vindafjord, men vurdera kvar sak for seg. Dei fleste kommunestyremedlemene (17 mot 7) ønskte seg meir informasjon før dei kunne ta stilling til konkrete saker.
Neste steg vil dermed vera at kommunen ber utbyggjar greia ut den aktuelle saka, for å få belyst alle sider, både negative og positive. Først då kan kommunestyret ta endeleg avgjerd, og seia nei – eller ja.