Vik skule i Vikebygd.
Arkivfoto: Jon Edvardsen
I Vindafjord skulen stolar eg på Sp og Ap/KrF
Kort og godt for at dei sit med makta, og kan bestemma over skulen si framtid i Vindafjord.
Grunnen til at eg stolar på Senterpartiet, er partiet sitt program: Me vil ha gode barneskular, barnehagar og SFO i kvar bygd i Vindafjord. Og dette er første punkt under barnehage, skule og utdanning. Meir klart kan det ikkje seiast. Og mange har nok stemt på partiet nettopp på grunn av dette. Her er ingen atterhald å sjå.
Det som det er lagt opp til i den nye planen, kan kort og godt ikkje gå igjennom politisk i Vindafjord. Forslag til ny Barnehage- og skulebruksplan er vel laga i 2020, (finn berre årstal på denne) og nå er det ny regjering med heilt anna syn på distrikta.