Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

— Imsland er ei fin bygd, skriv innsendaren, Imsland bygdekvinnelag.Foto: Priva
— Imsland er ei fin bygd, skriv innsendaren, Imsland bygdekvinnelag.

Graset er grønt i Vindafjord

Imsland er ei fin bygd å bu i. Me har fantastiske omgjevnader, med velstelte gardar, urørte fjellområde, fjorden som ligg nær og ikkje minst bur det trivelege og driftige folk her! Me er i dag rundt 310 innbyggjarar, og folketalet har halde seg stabilt i mange år. Framskrivingar viser ein liten auke i åra framover.

I tillegg til bøndene er det i dag ca 50 arbeidsplassar i private bedrifter i Imsland, der om lag halvparten av desse er innan oppdrettsnæringa. Samla sett står private bedrifter for ein betydeleg verdiskaping, med omsetjing på fleire hundre millionar kroner årleg.

Me er ein utkant i Vindafjord kommune, men bygda ligg likevel sentralt. Me har ein variert arbeidsmarknad, som strekkjer seg mellom for eksempel Sauda, Sand, Ølen og Etne. På Jelsa i Suldal ligg det føre planar om storstilt industri, som kan medføre tusenvis av arbeidsplassar. Køyretida frå Jelsa til Imsland er ca 20 -30 minuttar, og Imsland vil kunne vera ein aktuell stad å busetje seg, dersom det blir lagt til rette for bustadbygging her.

Powered by Labrador CMS