Hespriholmen er ein del av Geopark Sunnhordland.
FOTO: GEOPARK SUNNHORDLAND
Debatt
Geopark Sunnhordland, kva og kvifor
Den siste tida har det vore merksemd i media på Geopark Sunnhordland og den nyvunne UNESCO-statusen, ikkje minst sidan den internasjonale konferansen me deltok på i Marokko vart råka av jordskjelv som fekk fatale følgjer for mange menneske rundt oss. Geologiske krefter kan vera øydeleggande for menneska, men byggjer kontinenta me lever på og gjev grunnlag for samfunna me lever i. Slik tilfellet i svært stor grad er for Sunnhordlands berggrunn. Men kva er eigentleg Geopark Sunnhordland, kven eig den, korleis er den finansiert og kva skal den gjera?
Building Continents and Societies er tittelen på den omfattande søknaden me sende til UNESCO Global Geoparks hausten 2021, som vart godkjent i vår og som me fekk høgtideleg diplom for i Marrakech i september. Søknaden viser korleis grensene for geoparken fylgjer yttergrensene til sunnhordlandskommunane på land, og botnlinja mellom dei ytste øyane ute i havet. Totalt areal er 4700 kvadratkilometer der 37 prosent er sjø. Søknaden forklarer kva det er med Sunnhordlands geologi som er spektakulært og tildels unikt på internasjonalt nivå. Den viser kvar i terrenget geologane kan sjå korleis kontinent vert skapte, og kvar ein finn den unge» vulkanske øyboge-vulkanismen som har gjeve folket i Sunnhordland den store rikdomen av nyttige bergarter. Søknaden fortél óg korleis Sunnhordland har utvikla seg gjennom tusenåra fram til i dag. Hespriholmens 6000 år lange historie som kjelde for steinsøksene på Sør-Vestlandet er sjølvsagt ein kjerne i vår geoparks tematikk. Den er vår Kheops-pyramide, vårt Stonehenge. Søknaden fortél óg korleis istidene tydeleg har forma fjell- og fjordlandskapet vårt og korleis det biologiske mangfaldet er grodd på dei naturgjevne premissa som ligg i dette landskapet.
For oss som bur her er landskapet vårt kjent, vått og vanleg». Men Sunnhordland byr på ein ekstrem variasjon i landskap på eit svært konsentrert område; frå nakne skjér i øyarkipélet til alpine fjell som stuper bratt ned i lange fjordar frå kvite fenner. Og her er reint, friskt og lite folk, openberre verdiar for både fastbuande og potensielle gjester, og eit premiss for utvikling av geoparkar er at reiseliv vert utvikla utan å gå på bekosting av dei verdiane dei fastbuande set pris på.